Advertisement
Guest User

Untitled

a guest
May 29th, 2017
59
0
Never
Not a member of Pastebin yet? Sign Up, it unlocks many cool features!
text 1.78 KB | None | 0 0
  1. Det er fleire grunnar til at denne jobben interesserer meg: Eg synest at journalistyrket ser veldig spennande og utviklande ut, og er difor svært interessert i å skaffe meg journalisterfaring. Eg er oppteken av og engasjert i lokalmiljøet, og ser på denne stillinga som eit ypperleg høve til å større del i lokalmiljøet <- !! trengst litt omformulering !!. I tillegg har eg ledig kapasitet – nett no rett nok ikkje til ei 100%-stilling, men absolutt til ei deltidsstilling som frilansar og ringjevakt.
  2.  
  3. Kva kan eg så tilby Grannar og kvifor velje meg? Eg har fram til no i yrkeskarrieren jobba mykje med skriftleg kommunikasjon og foto, noko som sjølvsagt er naturleg i samband med utdanninga mi innanfor marknadskommunikasjon. Eg har følgjeleg - trass i manglande journalistutdanning –mykje erfaring med kommunikasjon gjennom tekst og bilete, særleg gjennom arbeid som nettsideutviklar med publiseringsansvar for ei rekkje nettstader som til dømes haukeliseter.no, fjordhotellet.no og galleribronnen.no. I tillegg leverer eg stoff til fleire andre webstader.
  4.  
  5. Ein annan styrke er fleksibiliteten: Som sjølvstendig kan eg styre mykje av arbeidsdagen min sjølv. Om eg ikkje er oppteken i kundemøter eller har ein akutt deadline eg må forhalde meg til, kan eg kva tid som helst rykkje ut på ein times varsel om Grannar skulle ha behov for det (eg er singel og har ikkje born). Dessutan kan det kanskje sjåast på som ein force at eg er innflytta Etnebu/etnebu: Opphavleg bergensar, men eg har òg i voksen alder vore busett i Oslo, København, Lund og Malmö. Desse 'storbyimpulsane' – eller ganske enkelt det faktum at eg ikkje er fødd og oppvaksen i Etne - kan forhåpentleg slå positiv ut i samband med vinkling av og tilnærming til stoffet som eg måtte få i oppgåve å skrive om.
Advertisement
Add Comment
Please, Sign In to add comment
Advertisement